Voss skulemusikk

si historie, kort sagt:

1928, musikklag?

Alt i 1928 vart det kalla saman til møte i gamle Tingstova på Vangen for å drøfta om det var mogeleg å skipa gutemusikklag på Voss. Etter frammøtet å døma, var det lita interesse for eit gutemusikklag, men det vart sett ned ei nemd til å arbeida med saka. Det vart sett i gang innsamling og helde basar, men kr. 600,- var for lite å starta opp eit lag med.

Notekurs!

Rett før krigen vart det første notekurset helde. Mellom dei 11 som fekk si første noteoplæring den gongen var Gunnar Vethe. Arbeidet vart diverre stoppa av verdenskrigen.

1. Oktober 1947, Voss gutemusikk!

Etter krigen vart førebuingsarbeidet teke oppatt, og i 1947 vart laget ein realitet. Skipingsdatoen vart 1 oktober 1947.

Reparasjon av instrument

Dei instrument ein hadde bruk for hadde ein liggjande, men dei måte reparerast. Instrumenta kom delvis frå det oppløyste Voss Hornmusikklag, Voss Musikklag og nokre nye måtte kjøpast inn. Tilsaman hadde dei 25 instrument.

Inntak

Då alle instrument var ferdige og kunne takast i bruk vart det kunngjort at dei gutar som ville vera med kunne møta på Vangen folkeskule. Det møtte 40 gutar, alle kunne difor ikkje få vera med og det vart arrangert ei opptaksprøve. Organist Nedberg og lærar N. Skutle stod for denne prøva saman med nokre frå Voss Musikklag. Dei som kunne notar frå før og ellers dei som hadde best gehør vart opptekne.

Øvingar

Øvingane kom snart i gang med Johannes Hellene som dirigent. Snart etter overtok Lars Gjerdåker, som vert rekna som laget sin første dirigent.

1962, jenter!

Hausten 1962 kom jentene med i laget. 8 jenter byrja på notekurs saman med 16 gutar.

1997, Voss skulemusikk

Det tok 4 år før navnet vart endra. På årsmøtet i 1966 vart det vedtekje å endra navnet til Voss Skulemusikklag og på årsmøtet i 1997 vart navnet endra til Voss Skulemusikk.

2017, 70år!

I 2017 feira Voss skulemusikklag 70år. Jubileumsåret vart feira med ein stor festkonsert i gamlekinoen.
Søk
Driftes av Styreportalen AS