Bli med oss å spela!
Kven høver det for?
Korps høver for alle. Dersom du liker musikk, har lyst å lære meir musikk, eller berre har lyst å få mange nye venner, er korps tingen! Me anbefaler at ein har begynt i fjerde klasse når ein byrjar i korpset, men det er ingen formell eller absolutt nedre aldersgrense.
Må ein kunna spela eit instrument for å verta med?
Nei. du må ikkje kunne spela frå før, for å verta medlem i korpset.
Til føresette og nye musikantar / drill
Voss Skulemusikk er eit janitsjarkorps beståande av aspirantkorps, juniorkors, seniorkorps og drilltropp.
Opptak av nye musikantar og drill skjer på hausten ved skulestart frå 3. klasse og oppover.
I eit janitsjarkorps kan en spela mange ulike instrument: kornett, klarinett, saxofon, fløyte, trombone, baryton, tuba og slagverk.Me treng ein viss fordeling av dei ulike instrumenta for at det skal bli eit bra korps.
Som medlem i korpset får du låna instrument/drillstav og nødvending utstyr. Me spelar saman i grupper og alle som er nye startar saman i aspirantkorpset. Her lærer dirigenten musikantane å spela rytmar og notar. I tillegg får alle tilbod om eine-undervisning en dag i veka.
Fellesøving er på Voss Kulturhus kvar onsdag frå 17.00.
Pris pr. semester er 775,- som inkluderer instrument, gruppespel, einetime, notar og uniform.
I eit korps får du mange nye vener på tvers av kjønn og alder. Me utviklar ferdigheiter som ein har med seg resten av livet og som gjev god overføringsverdi til andre aktivitetar. Me har sosiale samankomstar utan instrument. Me er også med på konkurransar og dreg på turar.
Informasjonsmøte for foreldre og nye aspirantar er onsdag 26. august på Voss Kulturhus kl. 18.00.
